Ugyldig svanevedtak

Privat bilde av svaner i Mandal

Ugyldig svanevedtak

Det er begått urett og saksbehandlingsfeil i saken mot Havnesjefen i Os. Det er ikke drøftet og vurdert alternativer til avliving og det er heller ikke søkt Miljøverndirektoratet om omplassering.

Olav Sylte

Forfatter: Olav Sylte
Publisert: 2. august 2017

Jeg har studert nærmere Havnesjef-saken og ser at vedtaket er ugyldig. Kommunen bør oppheve det straks - og det bør skje før andre griper inn.

Selv om det ikke er formell klagerett på slike vedtak, kan de likevel påklages. Rett til klage er nemlig ikke det samme som klageforbud. Overordnet instans som fylkesmann og miljødirektoratet kan oppheve eller omgjøre vedtaket. Klageinstansen som mottar klagen, kan også gi utsatt iverksettelse inntil sak er endelig avklart.

Nærmere om ugyldighetsgrunnen

Det fremgår av naturmangfoldloven § 18, andre ledd, at:

Vedtak etter første ledd bokstav a til f kan bare treffes hvis formålet ikke kan nås på annen tilfredsstillende måte.

Vedtaket Os kommune har truffet er etter bokstav c og faller denne "nødvendighets-bestemmelsen".

En tilfredsstillende måte kunne i dette tilfellet være omplassering. Havnesjefen tilhører knoppsvanefamilien som har tilhold over hele sør-norge.

Det fremgår ikke av vedtaket at det er vurdert omplassering. Etter forvaltningsloven skulle dette ha fremgått og dette gjør at vedtaket er ugyldig.

Det er Miljødirektoratet som er myndighet til å avgjøre omplassering. Direktoratet har i dag opplyst til meg at de aldri har fått noen søknad om slik omplassering av "Havnesjefen". Det skulle også vært gjort, jf. § 18 andre ledd.

Vedtaket:

Vedtaket som ble truffet av Os kommune den 23.7.17 lyder i sin helhet slik:

"Løyvet gjeld frå 23.07.17 og 14 dagar fram. Resultat og effekt av tiltaket skal meldast til landbrukskontoret. Vedtaket har heimel i naturmangfoldlova §18 tredje ledd første punktum (I etterkant har landbrukskontoret forlenget perioden til 19. august, red anm).

Uttak etter denne delegasjonen reknast ikkje som enkeltvedtak og kan ikkje påklagast.

Saksframstilling: Os Kommune har fått fleire meldingar frå bekymra innbyggjarar ang. åtferda til nemnde svane. Fredag 30.06 gjekk svana til åtak på ei lita jente i Mobergsvika. Slik som vi har fått skildra hendinga var det ikkje noko form for provokasjon frå jenta si side, men eit direkte åtak frå svana.

Lov 19.06.2009 om forvaltning av naturens mangfold «Naturmangfoldlova» seier i §18 : «Kongen kan ved forskrift eller enkeltvedtak tillate uttak av vilt (….) C. for å ivareta allmenne helse- og sikkerhetshensyn eller andre offentlige interesser av vesentlig betydning (……). Myndigheten etter loven kan av eget tiltak iverksette uttak med formål som nevnt i første ledd bokstav a til d og g, jf. annet ledd. Uttaket regnes ikke som enkeltvedtak…»

Landbrukskontoret viser til delegering av §18 i naturmangfoldloven i brev frå Miljødirektoratet 16. 09. 2013 der det står: «Kommunene delegeres myndighet til av eget tiltak å iverksette uttak i tilknytning til følgende problemområder og skadesituasjoner: ……..2. Særlig aggressive individ av knoppsvane (….) når de oppholder seg på områder hvor de kan utgjøre en fare for skade på person, eller hindrer ferdsel.

Kommunen har altså høve til å ta ut aggressive knoppsvaner.

Knoppsvanehannen har ansvaret for å verne om ungane. No i månadskiftet juni/juli er ungane små og mora er i mytingsperioden. Ho feller gamle fjær og får nye. Nett no er difor ansvaret for å verne mor og ungar særleg stort og hannen er på sitt mest aggressive/beskyttande. Mytinga hos hoa, gjer at ho er dårleg til å flyge og meir stadbunden enn elles. Dette varer i to-tre veker og så er det hannen sin tur å byte fjærdrakt. Når det er hans tur fell aggresjonsnivået. Svane-ungane klarar seg sjølve når vi kjem mot slutten av august, men held seg ofte i lag med foreldra heilt fram til i februar.

Av omsyn til ungane i yngleperioden og hoa under fjørskiftet skal det difor ventast med fellingsløyve til etter mytetida for hoa, 23.07.17 noko som vil auke sjansane for overlevelse hos mor og ungar.

Den aggressive åtferda til «Havnesjefen» er naturleg og han har vore utsett for særs varierande handsaming av publikum i Os. Ved å ta bort «Havnesjefen» vil vi redusere faren for åtak av den aggressive svanehannen i år, men ettersom hekkeplassen svaneparet har valt seg er er særs god vil det kome hekkande svaner her seinare. Vi veit ikkje kor aggressive dei vert og det kan verte aktuelt å gjere andre tiltak for å unngå konfrontasjonar mellom folk og aggressive svaner i framtida dersom det framleis skal hekke svaner i Os sentrum.

Os hamn er ein del av Os sentrum og har eit pulserande liv, spesielt i sommarmånadene. I Mobergsvika kor hendinga fredag 30/6 var, er ein offentleg badeplass, som innbyggjarane blir oppfordra til å bruke. Då blir det umogeleg å kunne ivareta innbyggjarane sin tryggleik med ei «utilrekneleg» svane i området.

Svana har allereie gjort skade på fleire personar og skadeomfanget er på eit slikt nivå at fleire har måtta oppsøkje lege.

Vurdering etter naturmangfaldlova:

§ 8 Kunnskapsgrunnlaget:

Knoppsvaner blei freda i Norge i 1899, og det har ikkje blitt åpna for jakt på denne fuglen sidan. Fellingsløyvet som her er gjeve, har som føremål å fjerne problemadferd og hindre at slike episoder kan skje igjen. §18 i Naturmangfaldlova åpnar for uttak av problemdyr. Kravet til kunnskapsgrunnlaget blir vurdert å vere oppfylt i høve til saka sitt omfang og risiko for skade på naturmangfaldet.

§ 9 Føre var prinsipp:

Knoppsvanene lever som monogame par som varer i mange år, og hannen deltar både i bygginga av reir og ruging. Ved å vente med uttak til etter 23 juli (mytetid for hoa) vil dette auke overlevelsen til mor og ungar.

§ 10 Økosystemtilnærimg og samla belastning.

Det er ikkje forventa at tiltaket vil påverke biomangfaldet negativt.

Uttaket truar ikkje bestandens overlevelse og formålet kan ikkje nåast på annan tilfredsstillande måte.

Prinsippa i § 11 og 12 er vurdert å ikkje vere aktuelle for saka."

Du finner flere artikler i vår nettavis.

Del denne siden: